Marita Kjetland Rabben kjem frå Stord og bur i Oslo. Ho er pianist med mastergrad i utøvande musikk frå NTNU i Trondheim, og bachelorgrad frå Griegakademiet i Bergen/Hochschule für Musik i Freiburg.

 

Under masterstudia fordjupa Marita seg i russisk musikk, og i 2011 debuterte ho som solist med Trondheim Symfoniorkester i Rachmaninovs 2. klaverkonsert. I 2014 vart ho tildelt stipend frå Fegerstens musikerstiftelse og toårig arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar frå Statens kunstnarstipend.

Marita er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør og turnerer jamnleg over heile landet. Ho har fleire faste ensemble, og produserer også eigne tverrkunstnariske framsyningar.

 

Saman med sopran Ingvill Holter spelar ho i duoen Vestavill, som turnerer med ulike konsertkonsept og gav ut si første plate, "Optisk bedrag" hausten 2017. Ingvill og Marita er også kunstnariske leiarar for scenekunstgruppa Skinnvengir.

Marita spelar også i Mardraum med sopran Maren Myrvold. Mardraum produserte "DØDSKYSS" - ei konsertforestilling om Dagny Juel, i samband med Munch 150 og Stemmerettsjubileet. I 2019 skal framsyninga nyproduserast.

Blant festivalar Marita har medverka på, er Festspillene i Bergen, Vestfoldfestspillene, Avgarde, Kirsten Flagstad Festival, Aberdeen International Youth Festival og Mülheimer Fatzertage.

marita kjetland rabben

pianist

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now